Siger på siger for Jenter 11!

Første kampen var mot Åsane 2, her var jentene litt famlande i starten og Åsane gjekk først opp i leiing. Men etter nokre minuttar vart spelarane varme i trøya og begynte å spela meir i lag. Dei fekk fart på ballen og fleire og fleire begynte å skyta, i tillegg jobba dei bedre og bedre i forsvar. Til pause leia me 4-3.

Jentene heldt fram med det gode spelet i andre omgong, og fekk trua på seg sjølv og sette ballen i mål. Fekk også til fleire kontringar som enda i mål! Forsvaret jobba også veldig godt.

Vikartrenarane Rune og Ivar kunne fornøgd sjå jentene gå av bana med ein flott 12-8 siger!!

Synne gjorde ein flott jobb i mål i første kampen!

Forsvaret jobba også godt!

Andre kampen for dagen var mot Kvam. Her skjedde det same som i første kamp, litt tafatte jenter frå start, men etter ei stund kom dei i siget. Me brukte denne kampen til å øva på ein del planlagte trekk, og dette fekk jentene bedre og bedre til.

Dei fleste spelarane fekk spela på alle plassane og dette fungerte veldig bra. Til pause leia Osterøy 7-3. Nora stod i mål i første omgong, medan Maya tok over i andre omgong, begge klarte den oppgåva veldig bra! Kjekt å sjå at me har fleire som kan spela som keeper.

Etter kvilen fortsette jentene det flotte spelet, og me fekk mange flotte overgangar og kontringar, noko som resulterte i mange mål. Sigeren vart til slutt heile 14-5!

«Harde tak» for Nora.

Opprulling av eit angrep, Astrid, Maren og Maria S.