Knepent tap for Jenter 11

Søndag 16. september tok Jenter 11 imot Lindås i Osterøyhallen.

Bak f.v.:Bjørg Nedreli, Neda Skiudulaite, Maya Torp, Maria Elvik Slettebakken, Aina Teigland.
Framme f.v.: Synne Riple Heradstveit, Nora Borge Solberg, Madelen Balestrand, Astrid Monstad, Benedikte Flatås og Martine Solberg.

Etter å ha tapt siste seriekampen mot Lindåsjentene i vår, hadde våre jenter store ambisjonar om å ta revansj.

Litt famlande start frå begge sider til å begynna med, og det tok nokon minutt før første mål trilla inn.

Laga fylgde kvarandre tett, men Lindås drog litt ifrå på slutten av første omgong, så pauseresultatet vart 2-5.

Andre omgongen starta best for Osterøy sin del og ei stund stod det uavgjort på resultat-tavla, men Lindås hadde også i denne omgongen ein bedre avslutning og stakk av med sigeren, resultatet vart til slutt 6-8.

Osterøy spelte bra i forsvar, litt famlande i angrep, så når dei vert litt meir "på hugget" her også, vil nok resultata koma.

Målscorarar for Osterøy i dag var; Maria (2) og Neda (4).

Astrid.

Nora.

Maria prøver å kjempa seg igjennom forsvaret til Lindås.

Neda.