Reiseinfo Førdecup 2012

 

Osterøy IL Handball

Førde-cup 2012
31.8. – 2.9.
Jenter 10/11 – 12 – damer

Det nærmar seg cup i Førde. Bussen går frå Hatland (bussterminalen ved ungdoms- skulen) fredag 31.8. kl 14.15. Møt opp i god tid, me kjører presis!!!!!!

Bussen kjører om Hauge (ca. 14:25) og Valestrand (14:35). Er det nokon som vil koma på her, er dette mulig. Dei som ikkje kjem på bussen på Hatland, må gje mel- ding om dette til Lars-Erik på handball@osteroyil.no eller SMS til 915 50 901.

Når me kjem fram til Førde, vil gruppeleiarane få utdelt matkort. Desse delast ut til spelarane før kvart måltid. Me satsar på at alle (spelarar, trenarar og foreldre) kjem til å gå ut og ha eit felles måltid laurdag kveld, ca. 18-20.

Hugseliste: Liggjeunderlag (ikkje store skumgummi-madrasser, det er ikkje plass i bussen), Sovepose, Toalettsaker, Joggesko, treningsklede og drakt (for dei som har fått utlevert), Lommepengar, 300 til 400 kr skulle halda, Badetøy

Lisenser:
Husk at lisensen er forfalt til betaling, denne må vera betalt før turen. Dette er for- sikringa dykkar!! (NB! Gjeld dei som er fødd 97 og tidlegare) Har de ikkje motteke lisens, ta kontakt med Laila Borge.

Rusfrie område:
Hallen og skulen er sjølvsagt rusfrie område. Deltakarar som nyter rusmiddel på tu- ren, vil verta sendt heim på eiga (foreldre) regning. Me oppmodar likeeins foreldre som er med om ikkje å nyta alkohol i borna sitt nærvær.

Reknar med at alle våre kamper er lørdag og søndag. Kampoppsettet er ikkje lagt ut enno, det vert lagt ut på Førde IL handball sin nettside www.fil-handball.no.
Osterøy IL har i år 3 påmeldte lag, J10, J12, og damer, samt ein del foreldre som skal være med. Håper alle gjer sitt beste for at dette skal bli ei minnerik oppleving for store og små!!! Håper alle får ein fin tur………..og lykke til.

Spørsmål? kontakt: Lars-Erik Haga 9155 0901 handball@osteroyil.no

Osterøy IL Handball