Jenter 10 avslutta sesongen med siger og tap.

Jenter 10 hadde denne helga sine 2 siste kampar for sesongen.

Heiarop etter ein fortent siger!

Lørdag 24. mars møtte Osterøyjentene Løv Ham i Osterøyhallen.

Våre jenter tok initiativ frå start av og hadde topp innsats frå første stund. Innsatsen gav resultat og til pause stod det 6-3 i vår favør.

I andre omgong heldt jentene fram med presset mot Løv Ham målet og mange flotte skudd enda i mål.

Strålande jenter kunne gå av bana med dette sluttresultatet:

Her er nokre bilder av jentene frå kampen;

Søndag var det på’an igjen for jentene våre, og etter litt "klabb og babb" med klokkesnuing mot sommartid, ankom me Lindåshallen etter ca. 1 times køyring.

Lindås var dei første til å scora i denne kampen, og lenge bølgja spelet fram og tilbake utan at nokon fekk utteljing.
Omsider løsna det for jentene våre og til pause stod det 3-2 til Osterøy.
I andre omgong følgte laga kvarandre jevnt heilt til det stod 7-7, då var det Lindås som fekk inn 2 mål på tampen, så dermed vart det tap for jentene våre i denne kampen.

Me kan sjå tilbake på ein flott sesong for Jenter 10, mange nye som har begynt med håndball og me ser fram til mange kjekke sesongar med desse jentene.

Rune og Ivar var "vikarierande" trenarar i denne kampen.

"Raid-eksperten" Synne.

Aina prøver å "finta" seg forbi ein Lindås-spelar.

Nora prøver å gå igjennom forsvaret til Lindås.

Alltid like stødige Maria.