Spenning til siste sekund!

Jenter 10 sin kamp i Osterøyhallen 3. februar vart ein spennande thriller.

Fornøgde jenter og trenarar.

Jenter 10 spelte sin første heimekamp i 2012 lørdag 3. februar mot Askøy i Osterøyhallen.

Opninga var litt famlande for Osterøyjentene med litt manglande pasningsspel og mottak, er nok ein del som framleis manglar litt kamptrening, men dette vil nok koma seg.

Til pause var det bortelaget som hadde ei tomålsleiing med 2-4.

I andre omgong starta jentene opphentinga og tok innpå jevnt og trutt. Når det berre gjenstod 15 sekund utlikna Osterøy til 5-5 og hadde "tatt igjen" Askøy.
Spenninga var stor då Askøy raskt gjekk i angrep, men til all lukka for oss, kom målet deira 1 sekund etter at fløyta hadde varsla at kampen var over!

Fornøgde jenter med eit flott uavgjort resultat!

Applaus for jentene.

Astrid.

Bjørg.

Maya.

Madelen.