Knepent tap for Jenter 10

Jenter 10 tapte knepent mot Vadmyra i årets første handballkamp.

Neda gjorde som vanlig ein flott innsats.

Første omgong var heller slapp frå Osterøyjentene si side og dei hadde altfor mykje respekt for jentene frå Vadmyra.
Motstandarane var mykje meir på "hugget" og gjekk tidleg opp i leiing.

Til pause var resultatet 7-2 til vertane.

I andre omgong var det eit heilt anna Osterøy-lag som kom på bana, no hadde dei vorte "varme i trøyene" og fann ut at dei også kunne laga mål. Innhentinga starta og jentene laga mange flotte mål, i tillegg hadde Synne mange flotte redningar i mål.

Kampen enda (etter eit heller tvilsamt sistemål til Vadmyra) med 10-7 siger til vertane.

Osterøy hadde ingen innbyttarar i denne kampen, så alle jentene gjorde ein flott innsats utan kviletid.

Maria sender avgårde eit skot.

Går hardt for seg, Neda i duell.

Osterøyforeldre på sidelinja.

Synne gjorde ein flott jobb i målet.

Benedikte på vei i angrep.

Aina leitar etter nokon å sentra til.

Nora på vei mot målet.