Miniturnering for Jenter 9

Lørdag 10. desember spelte Jenter 9 miniturnering i Kaland Idrettshall.


Eit av angrepa mot Sandviken. Ester (nr.11), Sigrun (nr.6), Agate (nr.7) og Sandra (nr.5).

Dette var jentene si tredje miniturnering, og dei ventar på sin første siger. Før denne turneringa, hadde dei spelt uavgjort ein gong.

I den første kampen vart jentene frå Sandviken for sterke og vann 13-4. Sandra scora alle måla til Osterøy. Men jentene som aldri før har spelt håndball, vert bedre og bedre for kvar kamp!

I den siste kampen vart det ein jevn kamp mot Bjørnar 3. Osterøy-jentene opna best og leia både 2-0 og 3-1, men det heile enda med uavgjort 6-6.

Her scora Sandra 2, Agate 2 og Sigrun 2.

Jentene vert berre bedre og bedre! No står dei med to uavgjorte kamper, så neste gong kjem nok sigeren!

 

Sigrun står fantastisk i mål, mot Bjørnar stengte ho buret!


Hanna styrer det heile frå benken.


Alle jentene i angrep, mot slutten av kampen mot Sandviken.

Aktivitetar

4. div: Osterøy IL – Austevoll
Osterøy Stadion Kunstgras
09 jan
Osterøytrear 25.4.2024
Osterøy Stadion
28 feb
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar