Endeleg siger for 10 åringane!
Lørdag 3. desember fekk jenter 10 sin første siger!
Denne lørdagen var jentene klare for 2 kampar i Osterøyhallen.
Første kampen var mot Fana 3 og etter ein første omgong fylt med energi og godt spel, leia Osterøy 6-4.
Utover i andre omgong "dabba" jentene litt av og slapp Fana litt meir inn i kampen, vart ein spanande avslutning og eit 10-10 resultat, noko jentene var nåkelunde fornøgd med, men dei hadde nok helst sett at det vart siger.
Etter ein liten pause med besøk i kiosken etc., var det klart for ny kamp, denne gongen mot jenter frå Kvam.
Her var Osterøy-jentene overlegne og dei kunne gå til pause med 4 målsleiing, 6-2.
I andre omgong drog dei endå meir ifrå og med eit sluttersultat på heile 12-4 var endeleg årets første siger eit faktum! Og i tillegg heilt fortent!
Jentene spelar no bedre og bedre ilag, og fleire av spelarane tør å skyta, vert nok mange gode målscorarar her.
Yvonne og Hanna gjer ein flott trenarjobb!
Full oppvarming!
Som vanlig flott innmarsj og presentasjon av laga.
Synne var flink å snappa ballen og hadde mange flott "raid".
Åse Iren gjorde som vanlig ein flott jobb i mål.
Flott forsvarsspel i begge kampane.
Albert og Rune styrte sekretariatet med stødig hender.
Synnøve var dagens fair play-vert.
Kenneth og Tine May hadde første økt i kiosken.