Jenter 12 seglar i medvind!

Lørdag 19.11 spelte Osterøy jenter 12 mot Bergen. Med høyt tempo og flott samarbeid endte det kjempebra for Osterøy, der stillinga blei 13-6, og dermed seier til Osterøy.

Denne kampen hadde dei verkeleg gått inn for å vinna. Berre etter 1 ½ minutt var stillinga 2-0. Til pausen var det blitt 7-3 og det skuldast høgt tempo, bra samarbeid og kjempebra forsvar. Slik fortsette det i andre omgang òg, dermed endte det strålande for Osterøy med 13-6 og seier.

Det var kjempe bra keeperarbeid frå både Evyann og Sudarat.
Marte var kjempegod i forsvar og Bente og Vivienn hadde mange «nesten mål».

Etter tabellen er dette to jevngode lag, men her ser me at trenaren, Elin Kleppe, verkeleg har lært jentene mange gode triks. Dei har fått god kondisjon utover høsten og strålar av sjølvtillit ute på bana. Gjennom denne kampen var det mange nye triks og det motstandarane fkk mange gode «klemmer».

Bente og Sudarat i angrep.

Evyann i angrep. Her skårer ho eit av dei fire måla ho scora gjennom kampen.

Irmelin og Heidi i angrep. Gjennom kampen scora begge to eit mål kvar.

Marte, Åshild og Heidi i angrep.

Suderat i angrep. Her scorar ho eit av fem mål.

Vivienn i angrep. Her skyter ho på mål, men det blir eit «nesten mål».


Åshild i angrep.Her scorer ho eit av to mål.

Super glade etter seier.