Stor framgong for Jenter 10!

Jenter 10 klarte sin første uavgjorte kamp på lørdag.

Lørdag 19. november spelte Jenter 10 kamp i Osterøyhallen mot Sotra 2.
Kampen var veldig jevn og bølgja fram og tilbake, vart lite mål og etter første omgong, stod det 0-0 på måltavla.

Etter pausen hadde begge laga bestemt seg for å stikka hol på "bobla", og det var Osterøy som fekk det første målet.

Like etter utlikna Sotra til 1-1 og gjekk deretter opp til 1-2. Heldigvis kom jentene våre tilbake og utlikna, så sluttresultatet vart 2-2.

Ein god kamp av samtlige Osterøyspelarar, jentene jobba veldig godt i forsvar, kan nok verta litt tøffare i angrep. Keeperen, Åse Iren, gjorde også ein formidabel innsats!

Neste gong går me for seier!

Presentasjon av laga.

Aina leitar etter nokon å sentra til.

Neda hadde mange flotte skudd på mål.

Ingenting å seia på innsatsen til Maria.