Endeleg seier!

Søndag 6. november spelte Jenter 12 kamp mot Åsane. Dette var ein veldig jevn kamp, men Osterøy stakk av med seieren.

I denne kampen var Suderat og Vivien Rose frampå og fekk mange nesten mål. Etter 11 lange minutt, fekk Jenter 12 sitt første mål. Til pausen hadde det vorte 3-2 til Osterøy, der Åshild Grytås scora 2 mål og Irmelin Berentsen 1, ved hjelp av heile laget.
I begynnelsen av anre omgang tok Åsane Osterøy igjen, men det godtok ikkje Jenter 12.

Det var høgt tempo, bra forsvar og ikkje minst god keeper. Bente Stokke, Heidi Veseth og Marte Slettebakken spelte kjempebra i forsvar, der dei stoppa ballen mange gongar. Osterøy utliknar til 4-4.

Dei siste fem minutta rann måla inn, Evyan Jensen scora dei tre siste måla, ved hjelp av dei gode lagspelarane sine.
Resultatet av kampen vart 7-6 til Osterøy.


Heidi Veseth, Evyann Jensen, Åshild Grytås, Vivien Rose og Bente Stokke i angrep.

Her er Evyann Jensen i forsvar.

Alle på laget vert presentert.

Åshild Grytås pakkar ballen ballen mot mål.

Marte Slettebakken og Åshild Grytås i angrep.

Irmelin Berentsen og Marte Slettebakken i angrep.

Aktivitetar

10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai