Jenter 10 i framgang

Kamp mot Mathopen 30.10.11.

Aina i angrep.

Søndag 30.10.11 møtte Jenter 10 Mathopen i Mathopen Idrettshall. Første omgang starta jevnt og det tok ei stund før det første målet kom, men då kom det til gjengjeld til Osterøy!

Mathopen utlikna like etter og var nok flinkare enn Osterøyjentene til å utnytta angrepa sine, så til pause var stillinga 4-1.

Osterøy hadde fleire gongar anledning til å krympa inn leiinga til Mathopen, men jentene frå byd’n gav seg ikkje, sluttresultatet vart 8-4.

Synest me såg ein god framgong frå nybegynnerjentene frå Osterøy, manglar nok ein del endå, men med litt meir rutine vil dette komma på plass.

Nora i farten.

Amalie "vakta" buret.

Neda hadde eit par skikkelige "susarar" i mål, må fortsetja å skyta.

Astrid ventar på ballen.

Synne kjempa seg igjennom Mathopen-forsvaret.