Kamp mot Årstad for Jenter 10

Søndag 23. oktober.

Søndag 23. oktober spelte Jenter 10 sin tredje kamp for sesongen, denne gongen mot Årstad i Haukelandshallen.

Flesteparten av jentene har starta handballkarrieren sin denne hausten, så det var mange sommarfuglar som romsterte rundtomkring i magane.

Sjølv om ikkje alle reglar og samspel er heilt på topp endå, så gjorde alle saman ein flott innsats, og med litt meir trening, så vert spelet endå betre.

Vart 9-4 tap for Osterøyjentene denne gongen.


Synne "pakkar" seg forbi ein Årstadspelar.


Madelen leitar etter nokon å kasta til.


Nora prøver å finta seg forbi.


Benedikte, Synne, Maria og Madelen på full fart i angrep.


Alltid viktig å takka for kampen!