Torstein Nesse Games Arna Idretspark 1. august 2022

Resultatliste  

Veldig kjekt å få med seg Torstein Nesse Games og 80-årsfeiring på Arna Idrettspark i kveld. Det var historisk sus over engelsk mile for menn der Trygve Fedje Mjelde endeleg sletta lagsrekorden til Olav Solberg Reigstad frå 1959. Trygve senka rekorden frå 4.20 til 4.09 og vann heatet på overbevisande vis. Svært gledeleg også i lengdegropa med 6.98 på Magnus Reigstad, medan broder Eirik persa med 5.45 og klarte UM-kravet på millimeteren. Litt tung dag på Vegard og Mirjam (81 runde i starten), men det kjem viktigare stevne utover hausten. Elles var det rikeleg med kake, god stemning og mykje velfortent heider til jubilanten Torstein Nesse, m.a. heldt Geir Atle Mjelde ein flott tale til jubilanten frå ungdomsåra i IL Fri. Torstein fekk også overrekt blomebukett og helsingar frå vel 8000 ostringar generelt og OIL friidrettsgruppa spesielt. (tekst/foto BV)

Magnus Reigstad 6,98 i lengde. Ny pers avEirik Reigstad med 5,45

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai