Kor mykje tapar ein idrettsutøvar seg på 20 år ?

Sigbjørn har gjennom mange år mange lansert rare påfunn og ikkje minst ideear og teoriar som kva som går an.  24 kampen med 24 øvingar på 24 timar var så sensasjonelt og imponerande at Oslo pressa kasta seg på. Av mindre vellukka idear er om den sportslege utviklinga gjennom ein menneskealder.  

I denne teorien som Sigbjørn har lansert og testa gjeld utøvarar som har passert 40 år i øvingsgruppa Hopp.   Det er fleire kategoriar:  TRENT, UTRENT,  TRENT og lagt opp, Frå UTRENT til TRENT.

I det tilsendte materialet frå Sigbjørn har han nyttta eksempelet på at han som TRENT i 2001 hoppa 13,99 i tresteg. Under testen han nyleg gjorde på Hatland som framleis TRENT vart resultatet 11,19. (539 veteranpoeng).  Det tilsvarar at tilbakegang er er 20%.  Forfallet vidare vil vera 1 % pr. år eller 5% pr. aldersopprykk.  Sigbjørn har då rekna ut at når han stiller i 80 års klassen i 2058 etter omlag 60% forfall,  vil  han då hoppa 5,59. (435 veteranpoeng).

Sigbjørn Reigstad 15,50 på Valestrandsmarka i 2020.   Prosentsatsane i sprint, kast og lange løp er ulike. Eksempelvis så spang Sigbjørn Valestrandsmarka i 2000 på 18,25   i 2020 på 15,06  og i 2020 på 1550.   Me er spente på kva Sigbjørn har rekna ut at han spring Valestrandsmarka og andre lange løp på om om 30 eller 40 år.