Askokarusellen Arna idrettspark 12.8.2020
4 mann under 4 minutt på 1 engelsk mil på Arna idrettspark
Det var drøymeforhold under Askokarusellen i kveld der det store høgdepunktet var 1 engelsk mil. Heile 4 mann kom under den magiske 4 minuttsgrensa og oppnådde tider av internasjonalt kaliber. Her kjem resultata, der alle sette personlege rekordar:
1) Narve Gilje Nordås Sandnes, 3.56.62
2) Mats Hauge, Gular, 3.57.25 Ny kretsrekord for Hordaland
3) Jacob Boutera, Gular, 3.57.38
4) Bjørnar Lillefosse, Gular 3.59.81
5) Anders Bjørndal, Gneist 4.05.65
6) Sondre Hoff, Gular 4.07.22
7) Jon Overå Sætre, Gneist 4.17.11
8) Jonas Lillejord, Osterøy 4.39.26
– Trygve Fedje Mjelde, Osterøy DNF
Mats Hauge slo også den legendariske klubbrekorden i Gular som Arne Hamarsland sette i 1959 med 4.00.8. Trygve Fedje Mjelde gjorde ein glimrande jobb som hare. (foto: Asgeir Thomassen
Se video av løpet: https://www.youtube.com/watch?v=E-BCt5iNXR4
Det blei også registrert offisielle passeringstider på 1500m. Her kjem dei:
1) Narve Gilje Nordås, Sandnes 3.41.51
2) Mats Hauge, Gular 3.41.84
3) Jacob Boutera, Gular 3.42.12 (ny pers)
4) Bjørnar Lillefosse, Gular 3.43.66 (ny pers)
5) Anders Bjørndal, Gneist 3.44.18 (ny pers)
6) Sondre Hoff, Gular 3.50.90 (ny pers)
7) Jon Overå Sætre, Gneist 3.57.92 (ny pers)
8) Jonas Lillejord, Osterøy 4.21.17 (ny pers)
Av damene var kravet for kretsrekord 5.00, men Eli Anne Dvergsdal, Gneist kom litt for seint til å klare den tida. Ho noterte 5.04.48 og passerte 1500m på 4.44.47.
Komplett resultatliste: arrangørlink
Mirjam Mjelde sprang 1 engelsk mile på 5,55,08. Det er lagsrekord (bestetid) så vidt ein kan sjå.