Langdistanseløpar Johannes Helland døde 18. juli 2020.

Tekt og foto frå BV facebook oppslag.

Johannes Helland sette varige spor etter seg i lagssoga, sjølv om han berre representerte Osterøy i 1968 og 1969. Begge desse åra var han ei solid forsterking i Holmenkollstafetten og lokale stafettar – i tillegg til å vera mellom kretsens beste i terreng og på bane.

Johannes stod opprinneleg i Hordabø IL, men det var ikkje mange i same idrettslaget, så på friidrettsstemna heldt han seg gjerne med ostringane. Etter ein sesong i nystarta Helland IL, melde han overgang til Osterøy. På den tida hadde idrettslaget ei rekkje unge løparar som hevda seg godt på bane, i terreng og i stafettar. Frå 1967 stilte laget på nytt i Holmenkollstafetten og same år tok fire ungdomar bronse på 4x1500m i junior NM på Bislett. Sportsleg sett var det såleis gode grunnar til å slå seg saman med ostringane.

I 1968 hadde idrettslaget 50-årsjubileum, og på jubileumsfesten vart Johannes Helland tildelt Borge Kromlærfabrikk sin sølvpokal som lagets beste aktive i sommarhalvåret. Leiv Mjelde fekk pokalen for beste vinteridrettsutøvar. Av prestasjonar i 1968 kan ein nemna lagsrekord på 5000m med 15.32,8 og bronse i terreng-KM 4 km. Han tok også KM-gull på 4x1500m saman med Øyvind Bysheim, Geir Reigstad og Ingemar Valestrand. Som stafettløpar debuterte Johannes for Osterøy med å skaffa laget ei solid leiing på førsteteappen i ĢSolheimsåsen rundtģ på Sæbø. Også året etter sikra han napp i vandrepokalen med ein sterk førsteetappe. I Holmenkollstafetten sprang han begge åra ĢLille Besserudģ – på eit lag som i 1968 hadde gjennomsnittsalder 21,5 år. Året etter gjorde Osterøy ein av sine beste prestasjonar i Holmenkollstafetten med 17. plass av alle norske lag.

I 1969 var Johannes Helland vår beste friidrettsutøvar. No var Hordaland og Bergen blitt ein friidrettskrets, og Johannes tok KM-sølv i terreng, sølv på 5000m og bronse på 1500m. Han sette klubbrekordar på 1500m, 3000m og 5000m og tok bronsemedalje på 1500m i B-NM. Som 24-åring sprang Helland på 2.00,2 på 800m, 3.55,9 på 1500m, 8.32,2 på 3000m og 15.17,6 på 5000m. Over femti år seinare held tidene til høge plasseringar på adelsstatistikken i Osterøy IL. Berre ein mann har sprunge fortare på 1500m, medan namnet hans no står som nr. 3 på 5000m og nr. 4 på 3000m og 5000m.

Dei som var aktive samstundes fortel at Johannes Helland hadde eit fantastisk løpssteg. Han liksom flaut av garde. I 1970 gjekk han over til Gular, og dette året fekk han eit løft med 3.51,3 på 1500m og 8.16,0 på 3000m. Dette vart ståande som personlege rekordar.

I mi tid som aktiv langdistanseløpar var det banetidene til Johannes Helland ein måtte slå for å bli best i Osterøy IL. Sjølv om det er 50 år sidan, motiverer prestasjonane hans også dagens hardtsatsande osterøyløparar til å strekkja seg litt lenger på idrettsbana. Slik blir det nok også for framtidige generasjonar.

Johannes var også med på Holmenkollaget i 1968 (nr. 1 bak frå venstre)