Stevne Fana og Arna 17.6. 2020

Resultat Fana 17.6.2020 

Resultat Arna 17.6.2020 

Osterøy IL resultat 2020 (Fana 17.6. og Arna med 17.6.)

Som vanleg fyldig FB rapport frå Bjarte Vik

Ein god gladkveld for minnearkivet i Arna også. Berre sterke prestasjonar av dei ni ostringane som deltok. Dagens mann var nok Per Ole som senka persen sin på 3000m til 9.49.91. Her gjorde Jonas Lillejord ein strålande harejobb og drog som ei klokke i 10-blank-fart (9.59.72). Per Ole kneip 10 sekund siste 600m, men så er han jo også norgesmeister på 60m innandørs. Også eit kjempeløp av Noah Raknes som var dyktig sliten siste runde, men kjempa godt og kom inn på ny pers 10.01.53 11 sekund forbetring frå fredag på Fana. Dei blei nok litt tøft for Kjetil Stokkee å hengja på i starten, men 10.25,91 er absolutt godkjent for ein 10-kjempar/spydkastar. Svært gledeleg å sjå Karoline Loftås igjen på friidrettsbana. Tøff satsing og ho låg ein periode 4 sekund før skjema til 11.15. Heroisk innsats då ho fekk Ģhammarenģ, og tida 11.38.50 er ein oppløftande 3000m-debut. Også Mirjam Mjelde satsa frå start og låg 15 sekund føre skjema til 12.15. Mirjam kom inn på 12.13,18 og pers med over 20 sekund.

Sprintløpa til Aslak Monstad varr det også sprut over. Super trening med ein 200m 20 min før ein 300m. Tider: 28.32 (0.0) og 45.25. Dagfinn Gjerstad (14) debuterte på 800m med eit smell og skikkeleg frisk satsing. 2.19.66 i kveldens debutløp. Med eit litt jamnare løp er det ikkje godt å seia kor fort det kan gå. Denne karen er så heldig at han kan springa på tidene til broren, og det ser me er ein fordel i familien Ingebrigtsen. Tore Hannisdal avslutta showet med å vinna veteranheatet suverent på 2.27.56 Med lilt pes siste 200m frå ein konkurrent eller to, blir det «perse-is» på han også denne sesongen.