NM terrengløp korte løyper 1. og 2. april 2017 i Strandebarm
Arrangørlink eqtiming Det synes å vera problemer med resultata.
komplett resultatliste 1. april
Per Ole Mostrøm på farten med mange foto frå NM
Osterøy sine deltakarar:
M17 2 km |
sølv |
1.4. start |
|
Menn senior 3 km |
nr. 32 |
1.4. start |
|
M75+ 3 km |
gull |
1.4. start |
|
M40-44 3 km |
bronse |
1.4. start |
|
M55-59 3 km |
sølv |
1.4. start |
|
M70-74 3 km |
dns |
1.4. start |
|
|
|
||
27. Osterøy IL |
Menn Senior Terrengstafett 4×1 km |
nr. 9 av 22 lag |
2.4. start |
Stafett 2. april. tekst/foto Bjarte Vik
Fantastisk stafettinnsats på Magnus og Trygve i dag. Osterøy vart nr. 9 av 21 lag, berre 35 sek bak Vidar på bronseplass. Det er ikkje verst med ein 16 åring og ein «800m-løpar» på laget. Trygve sprang etappe nr 1 (2.57), 3 (3.00) og 5 (2.59) og Magnus 2. (3.05), 4. (3.11) og 6. etappe (3.16). Uoffisielle tider tatt av Frode Langhelle. Det var tunge løyper i dag som i går, men våre gutar takla underlaget eksemplarisk. Me hadde eit tett oppgjer med Steinkjer, men 18-åringen Mathias Flak (nr. 5 i juniorklassen i går) vart for sterk for Magnus på siste 1000m. Elles var me oppe og snuste på sterke lag som Stord (med seniorsølvmedaljør Tom Erling Kårbø på Magnus sine etappar) og 1. laget til Gneist. Dette lovar utruleg godt for sesongen 2017, men også for NM på heimebane i 2018
1. april. Magnus etter målgang og 2. plass (foto:POM)
Osterøy på plass i Strandebarm (foto:POM)
Osterøy på plass i Strandebarm med reklame for neste års NM (foto:POM)
Slik gjekk det med Osterøy sist det var NM i terrengløp i Strandebarm for 5 år sidan.
I jubileumåret 2018 (100 år) er Osterøy tildelt NM i terrengløp korte løyper 7. og 8. april 2018. Plassen vert i same området ved Mjeldavatnet/Haus der Osterøy arrangerte NM i terrengløp i 2002.