Junior NM friidrett Byrkjelo 14. – 16. august 2015

15.8. Sølv til Sigrid Borge i spyd med 50,44.   14.8. Sondre nr. 4 i finalen på 10,89 (-0.6).

Sondre L Kåstad U20, Sigrid Borge U22 og Trygve Mjelde U22 er Osterøy IL sine deltakarar på junior-nm i Byrkjelo.

Sondre skal prøva å forbedra sin 4.plass frå i fjor og deltek på 100m/200m. Det blir tøft nok då nivået på junior-sprint i Norge for tida er veldig høgt, faktisk i europa-toppen på herresida. Trygve skal også prøva å forbedra sin 4.plass frå i fjor på 800m. Også her blir det tøff konkurranse. Sigrid deltek for første gong i eldste juniorklasse og må nok finna seg i å vera favoritt sjølv om det også her er skarp konkurranse. Konkurransen blir forøvrig nesten på dagen 4 år sidan Sigrid debuterte i senior-NM med 7.plass og pers med 44.34 i nettopp Byrkjelo som 15åring.

fredag 14. august
Sondre 100m
10,35 forsøk  11,22 (-0.7) og vidare
14,50 semi 10,96 (-0.5) og vidare finalen
17,30 finale nr. 4 på 10,89 (-0.6)
Trygve 800
18,40 forsøk 2.00,26 og vidare til finale
lørdag 15. august
Sondre 200m
1140 forsøk  Sondra starta ikkje. Det har gått rykter om ein «kjenning» og då er det vel ikkje vorte betre etter dei 3 hundre meter løpa i går???
Sigrid spyd
1600 finale. Sølv med 50,44
søndag 16. august
Trygve 800m
12,25 finale  5. plass med 1.54,46