Brøknipa opp 2011

Brøknipa opp "testløp"  lørdag 20. august kl. 1600. Start Bruvik på Osterøy


Utsikt frå Brøknipa mot Bruvik og Vaksdal.

Link til websida for Brøknipa opp. med fleire opplysningar
plakat 2011
Denne oppturen er det fleire som har etterlyst og venta på.

Start på kaien på Bruvik 2 m.o.h. og mål Bruviknipa 820 m.o.h. (Toppen ligg på 822m)

Løypa går frå kaien og føl gamle vegen opp dalen og deretter "rett på" nipa.  Løypa har ingen farlege parti. Det er ingen våte parti.

Deltakarinfo:

Løypeopplysning: Høgdemeter 818m, Løypelengd ca 4km. (0,5km asfalt, 2 km gras/sti, 1,5 km grus/fjell)

Påmelding: I startområdet på kaien laurdag 20. august 2011 frå kl. 1500

Startpengar: kr. 100,- pr. deltakar

Klasseinndeling: Konkurranseklasse med tidtaking. Ikkje klasseinndeling, men deltakararane vert registrert med namn, fødselsår og evt. klubb/lag. Nedre aldersgrense 12 år (d.v.s. f. 1999).

Premiering: Raskaste mann og kvinne vert premiert. Premieutdeling i målområdet på toppen.

I noko grad kan andre også verta premiert i målområdet.

Sikkerheit: Løypa har tilnærma stigning i heile tida. Det er ingen farlege parti, men er bratt i enkelte strekk. Ved retur føl deltakarane same traseen som oppover (i alle høve ned til bilvegen) og må vika for deltakarar på veg opp. I dei brattaste strekka må det visast ekstra forsiktigheit nedover.

Drikke og klede:

Det er ikkje drikkestasjonar på vegen opp eller på toppen.  NB. Alle må ha sekk på ryggen som veg minimum 2,5 kg og som inneheld klede, mat og drikke. (vekt tilgjengeleg i startområdet/også på toppen) Det er ikkje tillete å nytta stavar.

 

Sjølv om dette  er eit testløp vil det vera mal for avgjerd om dette skal verta eit fast årleg arrangement. Arrangøren OsterøyIL/Friidrett er open for innspel til arrangementet.  vidsimm@online.no

 

Start: Fellesstart kl. 1600 på kaien på Bruvik

 

Atterhald: Ved ”ekstremt” ver løpsdagen kan løpet verta avlyst eller korta ned.

Kontaktperson:
91322643 Vidar Simmenes
vidsimm@online.no

Brøknipa


Pådrivar for Brøknipa opp og kanskje den som har flest turar til denne toppen er Magne Vikne. Han klarar turen no på kring 50 minutt, men vil nok slita med å halda Elise Vikne bak seg.