Solskinsøkt 2011

Den årlege solskinnsøkta vart arrangert på Osterøy Stadion i det forhåndsbestilte sommarvêret.


SOMMARIDYLL: Endeleg kom sommaren. Planlagt, seier Sigbjørn.
Osterøy Stadion 30. juli 2011

Den årlege solskinsøkta, som er i regi av Sigbjørn vart også i år arrangert i nydelig sommarvêr. Varierande vêr har vore dominerande denne sommaren, men Sigbjørn sjølv var sikker på ”go-vêret” i dag.

Tekst og foto: Trygve FM
AVSLAPPING: Det er fint å kunna setja seg ned mellom draga. Kan’kje slita seg ut!

Solskinsøkta er i hovudsak ei vanleg treningsøkt, men det vert også satt fram plaststolar, medbrakt kjølebag som kan fyllast med godsaker og ikkje minst ein utradisjonell kastkonkurranse der taparen får tømt alle isbitane frå kjølebagen over seg. Det vart i dag også ei svært god trening for ungdommane. Dette var siste skikkelege økta for mange før neste helgs Necon Jr-NM i Kristiansand.


SNACKS: Kjølebagen og bøtta med is vart fort fylt opp av diverse godsaker. 

Sprintarane trena i dag maksfart og endå litt fortare. Spydkastaren Sigrid var i dag å sjå i startblokka saman med sprintarane. Kristian og Sebastian fekk også prøvd ut overhastigheten. BRA JOBBA!

KJAPPINGA: Den var først og fremst utgang av sving som vart trent på i dag.

Elles hadde 3 ungfolar; Helge, Sigbjørn og Eystein ei bra tempoøkt med 8x200m i sola. Helga gjekk bokstavleg talt i ring i dag…

Mellomdistanseløparane Vebjørn og Trygve hadde i dag siste finpuss før Kristiansand, og på programmet stod 200m-300m-200m. Problemet var at desse skulle gå under 600m-persen til saman. Begge gjennomførte  bra, som førte til at Vebjørn no har fått første sving oppkalla etter seg – Borgesvingen. Grunnen var at han sleit seg ut…

SYREFEST: Etter å ei slik økt er dette lov.

Økta vart avslutta med den utradisjonelle kastøvelsen som var baklengskasting av mynt kor målet var å komma nærmast eit kort.

”Det er ingen vinnarar, kun ein tapar!”, kom det frå Sigbjørn som har rolla som isbittømmar.

Den uheldige i år vart Vebjørn. Treninga vart avslutta med ein dukkert i Husavatnet.

KALDDUSJ:
Vebjørn fekk
kjenna på kul-
den tross
sommaren på
Hatland i dag.