Årsmøte Friidrett 2010

Stadionbygget 20.2.2011
Årsmøtesakene med unnatak av val gjekk greitt unna.


Leiar Åse Bergheim gjorde turvande oppdateringar fortløpande.

13 personar tilstades på årsmøtet.  
Årsmelding 2010 vart vedteken med nokre mindre endringar/tilføyingar. Meldinga var fyldig og viste at også 2010 har vore eitt godt år med mange fine sportslege prestasjonar.

Rekneskapen 2010 viste eit driftsresultat med minus 67.862.  Driftskostnadane i 2010 var på kr. 591.462.  Negativt driftsresultat er i hovedsak knytt til friidrettsgruppa sine delkostnader til stadionbygg og Fugledalen.

Budsjett 2011 vart vedteke med kr. 532.000
Det vart og vedteke ei justering av treningsavgift for 2011.
14 år og yngre kr. 200 og for 15 år og eldre kr. 300,-

Det var ikkje kandidat til leiar for 2011.  Difor vart alle val utsett til omframt årsmøte.

Innkalling til omframt årsmøte i fridrettsgruppa måndag 7. mars 2011 kl. 2030 i Stadionbygget/Osterøy Stadion.   Sak: Val

link til årsmelding 2010 og budsjett 2011


Eitt velorganisert årsmøte med både papir og det matnyttige