Varldsungdomsspelen 2010

Gøteborg 2. – 4. juli 2010
søndag 4.7. Markus Loftås bronse på 110h91 med 14,94(+0.9)
lørdag 3.7. Trygve F Mjelde pers på 1500m med 4.31,74
fredag 2.7. Markus Loftås 2. plass på 300hekk84 med 37,96 og norsk aldersrekord g16. Vebjørn Borge 2.00,78 på 800m

Markus Loftås 37,96 på 300hekk84 (foto: Trygve F Mjelde)

søndag 4.7. Markus Loftås bronse på 110h91 med 14,94(+0.9). Sterkt løp men 110hekk inngår ikkje i norsk øvingsutval for g16  (1000p for 110h91 g17 er på 15,80).

link til arrangøren
link til bilde frå Trygve F Mjelde

Søndag 4. juli 2010 – Rapport frå Trygve F Mjelde

Beklaga med forsinka sammendrag. Men etter ein lang biltur der me var heimat kl.02.50 er det ikkje så lett…

Men ihvertfall: Dagens først ostring i ilden var Arnstein. I dag var det lengde som var hans øvelse og han hoppa 4.11. Timen seinare skulle Markus i aksjon på 110m hekk. etter litt kluss fordi Markus ikkje hadde kryssa seg av fekk han alikavel lov å springa i bane 1. Han kom seg til finalen med 7 beste tid(8. beste tidene som går vidare). Det var klart for finale og Markus sprang et godt løp på tiden 14.94, som vart belønna med 3. plass!

Så var det klar for helgas øvelse der Osterøy stilte med heile 4 utøvarar. 200m i G16 var øvelsen og i forøsket var det heile 5 heat og alle ostringane var i kvar sitt heat. Først Stig som ikkje hadde fått det heilt til i Gøteborg, men på 200m våkna han og sprang inn til tiden 23.88. Så var det dagens bronsevinnar, Markus, sin tur. Han vart den einast ostringen som kvalifiserte seg til finalen med tiden 23.09 som var ny pers.

Då gjennstod berre mellomdistanse løparane Vebjørn og Trygve. Trygve var først ut av dei to og sprang inn til nok ein pers denne helga med tiden 26.18. Pers vart det også på Vebjørn som sprang ein god 200m på tiden 23.94.

No var det klubbens eldste Gøteborg turistar, Erlend og Martin. Det vart ingen pers på nokon av dei, men Erlend fekk tiden 23.46, mens Martin som har vert ute med skade veldig lenge sprang inn til ein fin tid på 22.87.

Så gjennstod det berre finalen for Markus. Og igjen persa han, denne gangen med 4 hundredelar og fekk tida 23.05.

Då var årets Världsungdomsspelen forbi, og reknar med at me stiller like mannsterke neste år.

Lørdag 3. juli 2010 – Rapport frå Trygve F Mjelde

Hei og hopp, og nok ein dag gjennomført i Gøtenby. Ette ein fantastisk lag innsats i går var det idag klar for nye øvelsar. Dagen starta med Arnstein Borge i høyde der han hoppe 1.24 og Sigrid i spyd der ho fekk et bestekaste nett bak pers, 34,51. Timen etterpå var det klart for 100m forsøk for Markus og Stig. Markus var litt for kjapp i starten og vart diska på grunn av tjuvstart, mens Stig fekk tiden 12.18.

Litt seinare på dag var Erlend og Martin i aksjon på samme distanse. Erlend sprang 11.72, mens Martin kom inn til tiden 11.61 etter at han stod igjen i starten pga. et merkelig svensk startskudd.

Seinare på dag, når tempraturen hadde fått stege endå nåken grade, skulle Stig’en hoppa stav. Og han hoppe til slutt 3.04, 26 cm bak pers.
Så var det klart for 1500m i G17 og Osterøy stilte med Vebjørn og Trygve på startstreken. Vebjørn sprang i 1.heatet og hang bra med, men etter 900m måtte han bryta pga. av dårlige bein. I heatet etterpå sprang Trygve som gjekk offansivt til verk og la seg i tet, men endte til slutt som 4. mann i heatet med tiden 4.31.76.

Dagen vart avslutta med 400m for Erlend og Martin. Erlend brukte nett over 52 sekund på ein runde, mens Martin tura gjennom på 51.61.

Det var dagens resultat, albummet blir forøvrig oppdatert snarlig. 🙂

Fredag 2. juli 2010 – Rapport frå Trygve F Mjelde
Kjempe dag i Gøteborg, 30 grade, skyfrihimmel og fantastiske forhold for friidrett! Først ut var Stig’en og Sigrid. Stig Andreas fekk et lengste hopp på 5.88 i lengde, mens Sigrid støta »berre» 9.28, som er nesten halvannen meter bak persen frå forrige helg. På 800m sprang Vebjørn inn på 2.00.78, ein tid nett over persen frå i fjor. Meg sjøl, Trygve, hadde et kjempe løp og persa med 4 sekund og fekk tiden 2.09.61. Dagens siste Osterøy-utøvar i ilden var Markus som hadde 300m hekk på programmet. Og sjøl om han sprang på sterke 38.70 forrige helg, så sprang han allikavel inn til ein endå sterkare tid – 37.96!!!! Men denne tiden fekk Markus 2.plass på denne distansen i G17!

Dagen vart avslutta med ein fantastisk kveld på Hard Rock Cafe i Gøteborg sentrum.
I måro står det øvelsar som 100m, stav, 1500m og 400m på programmet for Osterøy utøvarane.

Vebjørn Borge 2.00,78 på 800m (foto: Trygve F Mjelde)