Gull til Hilde i NM halvmaraton

Gull til Hilde i NM halvmaraton!
Hilde Aasheim frå Osterøy tok gull på NM i halvmaraton laurdag 15. mai 2010. Tida vart 1.20,38, og var pers med nesten 3 minutt
(1.23,06 i 2009). Staden var Sola ved Stavanger.
Bjarte Vik var med i medaljekampen i herreklassen, men siste km hadde han ikkje sjanse til medalje, og enda på 4. plass med tida 1.10.28.
Han var 5 sekund bak nr. 3. Persen er forøvrig på 1.05,50. (Han tok NM-gull på distansen i 2001 og sølv i 2004.)


(arkivfoto)
Vinnar av herreklassen vart Dabaya Badhaso på 1.06.22. Svein Over Risa vart nr. 2 på 1.10.17 og Mikael Olsen nr. 3. Det vart eit veterangull på Bjarte, då han vann klassen 40-44. Nummer 2 i dameklassen vart Wenche Lægraid Kvæven frå GTI, som Kondis spådde som vinnar. Ho hadde 1.23.05.

Link til arrangøren med resultatliste

Link til Kondis-reportasje
 

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai