Omfattande skader i banedekket på Osterøy Stadion

Den lange og harde vinteren har sett sine stygge spor. 90 dagar med snø og kuldegrader vart for mykje for banedekket på Osterøy Stadion.
Osterøy Stadion 1.4.2010.

Etter at all snøen no er borte viser det seg at deler av løpebane fleire stader har stygge sprekker og at i enkelte område er også kunstdekket smuldra bort.
Dette er fortvilande og tragisk seier ordførar Kari Aakre i ein førebels kommentar. Leiar i friidrettsgruppa Åse Bergheim er nærast i sjokk.

 

Kommunekassen er på det næraste tom seier ordførar Kari Aakre i Osterøy kommune. (t.v.). Kassastyraren i friidrettsgruppa Ole J Mjøs (t.h.) tar med glede mot donasjonar til friidrettsgruppa sin konto 3632.54.620064 under mottoet "alle monner drar".

Gode råd og andre trøystande innspel kan gjerne leggast i gjesteboka

Bernt Flæsland som var ein sentral person i prosessen med å få fast dekke på Osterøy Stadion vedgår at under gjennomgang av anboda vart det valt eit banedekke som var dimmensjonert for vinter, snø og kuldegrader på inntil 50 døgn pr. år. Etter det vi hadde fått opplyst frå kompetent hald var det utenkeleg og heilt usansynleg med så mange vinterdagar på våre kantar. Skildnad på banedekke som tolar vintrar på over 50 dagar var på omlag kr. 350.000.  Om vi hadde vi valt det dyraste alternativ då, hadde vi fått like hard kritikk som vi truleg får no.
Konsultfirmaet  for Osterøy Stadion seier at dei advarte mot å ta dekke som ikkje tolte minst 50 vinterdagar pr. år.  På sikt må det truleg leggast nytt dekke i alle 6 løpebanene. Det er spesielt bane 1 og 2 som er mest sletne og som vinteren har gått hardast utover.  Inntil det vert lagt nytt dekke kan bane 1 og 2 nyttast med kortare piggar.  På bana ellers er det lengdetilløpet som er mest skadd og kan vanskeleg nyttast med piggar.


Karl J Reigstad og andre i friidrettsmiljøet er like fortvila som Åse Bergheim no nokre veker før første karusellstevnet i slutten av april. Verst vert det for NCC leikane, men dei går heldigvis ikkje før til hausten.


"Ekspertane" rekna ikkje med over 50 dagar med vinter på Osterøy (Lonevåg). Trua på global oppvarming var for sterk når kvaliteten på banedekkast skulle avgjerast.


Over 90 dagar med vinter vart for lenge


Endeleg er vinteren i ferd med å sleppa taken, men samstundes kjem skadene til syne


Ei trøst i den lange vinteren for vera at det vart ny rekord i tal lysløyperenn på Rolland i vinter med 10 renn.


Slik me helst ser Osterøy Stadion med grønt gras, flott banedekke og mykje publikum.