Hardanger Friidrettsfestival 2010

Strandebarm idrettspark.   3. – 4. juli satsar Osterøy på ei helg med sportsleg og sosialt samvær for gutar og jenter i alle aldrar.

Strandebarm idrettspark var arena for NM banestafettar 2009

Me har fått eit godt overnattingstilbod på Strandebarm Sportell, som ligg berre eit lite steinkast frå bana. Prisen er 550,- kr pr. person, med fullpensjon, som innebær frokost, lunsj og middag. 

Strandebarm Idrettspark har meir å tilby enn berre ei fantastisk idrettsbane. Ved anlegget er det nemleg to sandvolleyballbaner, gruslagt gå –og joggeløype, badestrand og ikkje minst innandørs symjebasseng. Alt ligg med andre ord til rette for ei kjempeflott helg i idylliske Strandebarm.

Grunna stor pågang i forhold til overnattinga frå andre klubbar, treng me tilbakemelding dersom du vil vera med innan 1. mars.

 

Me oppfordrar så mange som muleg å ta turen til Strandebarm. Det kjem til å bli ei kjempehelg med mykje moro!

 

link til innbydinga

 

Mats E. Elvik             Frank Loftås                           Helga Reigstad

99152332                    92467984                              45604850