Holmenkollstafetten 2009

Osterøy sine lag på plass i Oslo   Etappetider Osterøy

menn nr. 5 på 55,02 og 5 sekund frå opprykk
kvinner elite nr. 18 av 20 på 68,53 og nedrykk
menn veteran nr. 6 på 56,34
ungdomslaga: gutar11-13 på 2. plass, mix 2. lag 4. plass og mix 1. laget 2. plass

Arrangøren si heimeside  Resultat 2009    Osterøy stafettside

Etappetider/lagoppstilling Osterøy for alle laga til Osterøy

Kvinner elite nr. 18 av 20 på 68,53 og nedrykk

Menn senior nr. 5 på 55,02 og 5 sekund frå opprykk

Menn veteran nr. 6 på 56,34

Osterøy sine lag i ungdommens holmenkollstafett:
Gutar 11-13  2. plass
Mix 2.laget   4. plass
Mix 1.laget  2. plass

Flott innsats i ungdommens holmenkollstafett  (sjå bilde lenger nede)

 

Osterøy hadde med 3 lag i årets utgave av ungdommens holmenkollstafett, 1 guttelag og 2 mixlag, alle i 11-13 års klassen. Denne stafetten arrangeres inne på Bislett stadion lørdag formiddag, nokre timer føre den store Holmenkollstafetten starter.

 

Etter kvart som stafetten nærma såg me at utøvarane var noko spente og litt nervøse. Først i aksjon var guttelaget vårt, og med Sondre L Kåstad på første etappe kom dei godt avgårde. Resten av stafetten vart svært jamn, og Osterøy kjempa med dei fremste laga. Meget gode etapper frå Johannes Langhelle, Martin N Mjøs, Arnstein Borge, Henrik Hestnes gjorde at Fredrik Evensen kunne sprinta inn til ein flott 2. plass på siste etappe.

 

Nokre minutter seinare skulle dei 2 mixlaga i aksjon. 2 jenter, Camilla T Sæbø og Hanne V Mostrøm sprang flott og veksla som nummer 2 og 3. Sigurd B Reigstad sprang så Osterøy opp i tet på sin etappe, medan Maren Bernes sprang ein god etappe for det andre laget. Stafetten utvikla seg til å bli svært spanande, Osterøy i tet og dei andre halsande etter. Laga vidara var Eivind Vikne og Arnstein Borge, Karoline Vik og Henrik Hestnes, Halvor Einar Hagenes og Siri Hauge, Hjalmar Hauge og Fredrik Evensen på siste etappe. Til slutt var det eit lag som kom bakfra og kjempa seg forbi. Men det vart altså ein super 2. plass til det eine mixlaget og ein flott 4. plass til det andre laget.

 

Om kvelden vart det feiring med Pizza og bowling, samt litt moro på hotellet før leggetid…takk for turen


Kvinner elitelag 2009


Menn veteranlag 2009