Sterke 1500m-tider i Arna

På demokratisk vis fordelte tre ungdomar

drajobben mellom seg med Aleksander Hauge Øyen (Gneist) på førsterunden, Dagfinn Gjerstad (Osterøy) på andre og Jonas Skjerven (Mjøsdalen) på tredjerunden. På oppløpssida vart det eit durabeleg spurtoppgjer der Dagfinn fekk 4.02.56, Aleksander 4.03,10 og Jonas 4.03,65. Fine personlige rekordar på heile gjengen. Me gler oss til resten av sesongen!

Sondre Høylo Trefall (14) opna det lokale showet med fin debut på 300m og 42,61 i einsam majestet. Dette gav garantert meirsmak for 14-åringen.

Aktivitetar

Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
14 jun