Bergenslekene 2008

Bergenslekene Fana Stadion 13. og 14.september 2008.
13.9. melder Bjarte Lohne frå Fana Stadion.
Vebjørn Borge 2.03,99 på 800m og 1054p
Markus Loftås 28,46 (-0.) på 200h og 1089p
Erlend Mjøs 28,86 på 200h
resultat
13.9. melder Bjarte Lohne frå Fana Stadion.
Mange fine resultat og persar i dag: Vebjørn sitt fantomløp på 2.03,99. Han persa også i lengde med årsdebut 5.28. Søster Sigrid passerte 4 meters grensa med 4.10. Her er vinden ikkje oppgitt. Ho blei elles nr.2 i spyd med flotte 29.82. Henrik hadde ein fin dag og persa i høgde med 1.15 3.plass. Han persa også med 11sekund på 800m til 2.56.06. Markus hadde også ein fin dag med 28.46 og gull på 200m hekk som er suveren kretsaldersrekord i lett motvind. Han vann og ein klar seier på 100m i sterk motvind med 12.85 tre tideler framom nr.2 Stig Andreas. Stigen vann lengde med 5.65 med ein jamn serie utan fullklaff. Skyldes nok at lengden kom rett etter stafetten som Markus, Stig, Trygve og Vebjørn vann på 50.00 4x100m. Sannsynlegvis ei av dei beste tidene i klassen i Norge gjennom alle tider. Trygve persa både på 100m i motvind med 14.42 og 800m med 2.31.04. Martin viste at sprintformen framleis er inntakt etter 11.56 og siger på 100m i sterk motvind -2.8 som er eit løp minst like sterkt som klubbrekordløpet på 11.28. Gledeleg å sjå Erlend i aksjon igjen. Han sprang eit gnistrande hekkeløp med mykje energi og ei god tid på 28.80 i betydeleg motvind og hekting i 1.hekk. Her er det potensiale til ned mot 27.60 som gjev 1000poeng.
Ingeborg Vårdal hadde også ein fin høgdekonkurranse med tangering av pers i høgde med 1.15. Arnstein fekk ein fin 3.plass i kule.