Samling for tidtakarar/dommarar

Det nærmar seg banesesong, og det er tid for å oppdatera seg for å stå klar til dei utfordringane som ventar oss denne sesongen.
Osterøy Stadion. Lørdag 12. april kl. 1300-1430 (etter Friidrettens dag), samlar me dommarar, tidtakarar og andre som har lyst til å hjelpa til på stevne i år. Samlinga vert på Osterøy Stadion/klubbhuset. Det vert kort gjennomgåing av nye reglar i friidrett og ein rask repetisjon/innføring i tidtakingsanlegget. Tek sikte på 1,5t (ferdig 14.30.)
Første banestevne Osterøy Stadion er onsdag 30. april.
kontaktperson: Karl J Reigstad tlf. 47276737  Lau-reig@online.no

Bilde 12.4.2008


Aktivitetar

Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
14 jun