Det er snart jul
Friidrettsgruppa har sal av juletre i Lonevåg utanfor REMA 1000.
Kvardagar er det salg mellom kl 16 og 19, lørdag kl 9-15, søndag 14-17.
Det har etter kvart blitt tradisjon, og i år som i fjor er det ungdommane i gruppa som trår til og sel julatre i Lonevåg. Vanleg gran, edelgran og i år har me og fuglanek!
Vonar at flest mogeleg av medlemmane i friidrettsgruppa samt foreldre og andre nyttar høvet til å støtta friidrettsgruppa ved å kjøpa juletre hjå oss!
Me har edelgran og vanleg gran. Det er friidrettsgruppa si ungdomsgruppe som står for dei fleste vaktene ved årets sal.
Priser på linje med Plantasjen (!):
Edelgran 450 kr.- (store), Vanleg gran 300 kr og Fuglenek 50 kr
Skaff deg eit flott julatre, litt mat til fuglane – og støtt ei god sak er Sigbjørn Reigstad sitt glade julebodskap.
Tida går farleg fort før jul så no må du sikra deg juletre medan utvalet er godt.
Små og store kundar klar til å sikra seg noko grønt til jul.
19.12.2009. Vebjørn Borge har gjort unna nok eit sal.
Også tre til dei som har det ekstra høgt under taket.