Lagserien
1. divisjon kvinner
1 |
IK Tjalve |
(29/15) |
22.718 |
(1) |
2 |
IL i BUL |
(29/18) |
20.922 |
(2) |
3 |
IL Tyrving |
(29/18) |
20.384 |
(4) |
4 |
FIK BFG Fana |
(29/15) |
19.943 |
(6) |
5 |
Steinkjer FIK |
(29/14) |
19.522 |
(5) |
6 |
IL Gular |
(30/13) |
19.386 |
(4/2d) |
7 |
Trondheim Friidrett |
(27/9) |
18.885 |
(3) |
8 |
Fredrikstad IF |
(27/13) |
17.845 |
(8) |
9 |
IL Skjalg |
(28/17) |
17.396 |
(7) |
10 |
Minerva IS |
(25/11) |
16.051 |
(1/2d) |
11 |
Osterøy IL |
(27/13) |
15.157 |
(10) |
12 |
SK Vidar |
(18/10) |
14.155 |
(9) |
13 |
Haugesund IL |
(22/12) |
13.785 |
(3/2d) |
14 |
Modum FIK |
(22/13) |
13.316 |
(2/2d) |
Situasjonen for damene per 15. august i lagserien som går til 31. okt.
Me må ha 30 resultat. Me har 27 så langt, men nokre av desse er med lav poengsum, og kan lett erstattast.
Me står i fare for å rykka ned! Dei 4 nederste rykker ned. Som de ser, har me fleire resultat enn dei under oss, så dei rykker lett forbi oss om dei får nokre resultat. Men me kan gjera noko med det om me vil.
Her må det springast 10000m, det må hoppast lengde og tresteg utan satssone og/eller høgde og/eller stav og hekk og/eller 3000m hinder, det må kastast diskos 1 kg, støtast kule 4 kg, slegge 4 kg, kastast spyd 600g av fleire enn ein person, og det må koma fleire resultat på lange løp av fleire enn ein til to personar. Kvar person kan berre ha med fem resultat, så den same personen kan ikkje ta på seg ansvaret for både hopp, kast, hekk, hinder, sprint, langsprint, mellomdistanse og langdistanse.
Dei som ikkje tør, men har lyst til å bidra med nokre resultat frå banestevne, er velkomne. Du treng ikkje vera i toppform for å koma med ein brukbar poengsum til serien. I serien er det ikkje nok med nokre få personar. Det er god deltaking i OFen, men fleire er berre med i ein to øvingar. Kom og knus til! Lukke til med resten av sesongen!