Vel blåst etter NM i stafett

Så er det heile over. 100 av 113 lag møtte til NM i stafettar på Osterøy Stadion 26. og 27.mai. Funksjonærstaben på rundt 70 personar hadde ei evaluering etter stevneslutt

Visepresident i friidrettsforbundet Tore Hordnes takkar Osterøy IL v/Karl J Reigstad for eit flott gjennomført NM arrangement.

Vel blåst frå friidrettsgruppa sin leiar:

I kveld kunne eg setja meg i godstolen og vera stolt av å vera leiar  i friidrettsgruppa i Osterøy IL.

 

Karl Johan oppsumerte helgas arr + forarbeid på ein framifrå måte, men eg ynskjer likevel å retta ein stor takk til alle som har stilt opp og bidrege til at NM vart ein suksess.

 

Ein stor grunn til at eg sa ja til leiarjobben var at eg viste at klubben har medlemmer som er dyktige, samvitsfulle og alltid klar til å ta i eit tak for laget. Dette vart til dei grader vist i helga. 

 

Som Karl Johan nemnde har ikkje NM berre vore i helga. Det har vore mykje arbeid i forkant, der mange har gjort ein kjempejobb.  Han ville ikkje nemna namn (i alle fall ikkje med namn), men eg vil likevel gje Karl Johan ei spesiell takk for det arbeid han har gjort. Det er ikkje få timar med arbeid han har utført for at NM skulle verta det det vart. 

 

Det er ei gruppe medlemmer eg har fått mykje positive tilbakemeldingar på, og det er dei yngste. Desse har hjelpt til på ein fantastisk måte gjennom heile helga. Sal av program og hjelp til dei som stelte med kiosksalet. Tusen takk til desse.

 

Eg vil til slutt formidla det som NFIF teknisk delegert Jan Olav Hay sa til meg før han reiste i dag: De kan gå heim og vera stolte av arrangementet.

 

Med dette TAKK TIL ALLE SOM PÅ EIN ELLER ANNA MÅTE HAR BIDREGE  TIL AT VI FEKK EI FANTASTISK NM HELG!!!!!!

 

 

Helsing

Ole Johannes Mjøs

arrangementsbilder frå Osterøy Stadion 26. og 27. mai 2007


Travle dagar for medaljeberarane


"Gamle" stjerner på tribuna


Åpningstalarane: Friidrettspresident Svein Arne Hansen, Leiar hovedkomite Karl J Reigstad, Ordføraren i Osterøy Kari Aakre, Leiar av Hordaland friidrettskrets Helge Brekke.


Leiar i Osterøy IL: Jørgen Varden


Juryleiar Odd M Lahn-Johannessen og NFIF sin teknisk delegert Jan Olav Hay


Eit nyrenovert Stadionbygg fungerte bra


Eirik R Aasheim ordna med fortløpande weboppdatering av navn på alle stafettdeltakarane og ikkje minst resultat.


Evaulering 2. dag


Evaluering 2. dag


Innspurt fredag kveld


113 lag skal ha startnummer m.m.


2. etasje i stadionbygget var største kaffeen på Osterøy i pinsehelga


Medaljeberarane

Hausvik Musikklag stod for ein stilfull innsats under åpninga


Elin Vevle og Helga Reigstad


Kristoffer Reigstad og Sigbjørn Reigstad tok manuelle tider (som det heldigvis ikkje vart bruk for)


Mons Ivar Mjelde på plass når det skjer noko lokalt. Haustrim og Stemmeseggi over får han vanlegvis med seg.


Trond Rosnes ein av fleire som filma vekslingar.


Hurtig utdeling av premiar til lag som måtte nå fly.  Med ordføraren på plass vart medaljane utdelte og stor stemning i funksjonærrommet.


Friidrettsprident Svein Arne Hansen


Søndag var det sol og fint


Sentrale personar i NM.  Startar Inge J Reigstad, juryleiar Odd M Lahn-Johannessen, jurymedlem og ass. startar Johan Holstad og overdommar Birger Tomasgard


Det vart til tider trangt framfor stadionbygget.


Tidtakarbua var ein av fleire oppgraderingar som er gjennomført i Stadionbygget.


Stein Fossen i den nye speakarbua. Lørdag kom taket vel med. På søndag kom sola og Stein kunne endeleg kasta jakka. I speakarbua er det og god kontakt til tidtakarane.


Frode Langhelle har endeleg fått ein ønskjepasient i benken.


Sal frå 2 stader ved dette stevnet. I lagerdelen 1. etasje og som kafe i hovedsalen i 2. etasje


Stilfulle premieutdelingar og mange lovord om at her har mange andre litt å ta lærdom av.


Transport til og frå Flesland med Tide buss.  Sjåfør Odd Idar Mjøs er og ein habil fotballspelar og stafettdeltakar.


Buss klar for avgang ved Osterøyhallen


Øyvind Bysheim sprang 1. etappe på 4x1500m i 1967. Tida 16.37.8 lever trygt 40 år etter.


Arne Mjelde heldt styr på parkering og anna i stevneområdet.


Elin Vevle lurspelar ved premieutdeling.


Premieane ligg klar på rekke og rad


Inge J Reigstad har fått med seg det meste innan startoppdrag. NM startoppdrag på Osterøy Stadion har vore ein draum som endeleg gjekk i oppfylling.


Vanlegvis må det 6 personar til å bera den vassdregne premiepallen. Mariann N Mjøs viste musklar og satsar nok på nokre bra kastøvingar seinare i sesongen.


Sekretariatet heldt styr på det meste.

fleire bilde frå NM banestafettar 2007


Regnbyger under barneløpet på lørdag


Bente Midtun


Anette Bru


Hilde Aasheim


Eli Simmenes


4x400m  nr  66/2 Ragnar Bergheim


Startordnar: Bjarte Lohne og Nils A Løkkevik

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai