Maraton-debut på 4.44,50

Maraton med start og mål Osterøy Stadion. (0 grader, vind, sludd ved start).
Løype: Osterøy Stadion- Fitje – Njåstad-Saksli-Brøkdalen-Bruvik-Kvisti-Flatevad på 4.59,09 trass ufyselege forhold. Total løypelengd 44,2 km.
Arne, Jan Roar og Espen hang med i store delar av turen, mens kasseraren var med heile vegen i følgebil. I byrgjinga var det slaps og vinden tok ganske så bra oppover mot Njåstad.  Slapset gjekk etter kvart over til snø.

3 tøffingar på startstreken kl. 10 på Osterøy Stadion lørdag 20. januar.

Fyrste målepunkt er Fitje. Her har dei fyrste 2,1 km gått på 12,39. Her starta det ein rekna med var klatreetappen. Etter 43,30 og 6,4 km nådde dei Sakslivegen.  Ufyseleg snøvær og vind men stadig opptimistisk.
10 km vart passert på 1.05,22 og asfalten venta (innlagt spurt med Jan R så vidt framfor Sigbjørn). Så starta den etappen som var mest spanande.  Mykje nedover, trudde vi alle, og ikkje var vi sikker på kor lang det var ned til Bruvik.  Sagsliveien var snødekt, men noko ugjevn. Vinden løya etter kvart og gutane fekk ”kvila” seg nedover.
Hukommelsen hadde nok svikta, det var for det meste oppoverbakke frå ein tok av frå Saksliveien til ein byrja på nedstigningen til Bruvik.  Espen byrja å kjenna det litt etter 13 km.  

Då nedstigningen til dei Brøk starta satte Jan R opp farten og då 3 målepunkt vart nådd (Joker-butikken deira Brøk) var han 2 minuttar før dei andre 2.

Bruvik: 18,8 km

Jan R 1.59,02

Sigbjørn og Espen 2.02,24

Jan R sprang vidare for hans landlov var ute og skulle hentast av faren

(Ein liten stopp på Bruvik.  Etterfyllling av drikke og skoskifte for Espen.)

Mottakelsen på Bruvik var heller laber. Ingen flagg og jubel. 1 person hadde fått med seg at nokre galningar skulle ta turen gjennom Bruvik og han kommenterte det då han såg dei spreke (enda) ungdomane (Det var ikkje Viknåen).

Her passerar dei der Bjarte Viks litt kortare løp starta.  Passeringstida var 2.35. Sigbjørn verka endå sprek, mens Espen byrja å slita litt

.

 

½ maraton vart passert på 2.17.

Espen måtte kasta inn handklede etter 25,8 km og 2.50 med løping.

Regnet auka på og det vart skikkeleg surt. 30 km vart passert på 3.16,45.

Nytt målepunkt vart nådd.  Denne gang Kvisti og 30,5 km vart passert på 3 timar og 20 sek.

Farten opp mot Rolland var ikkje av den største, men dei kom opp og passerte målepunktet på 4.17 og 37,8 km var unnagjort.  Spørsmålet no var om Sigbjørn klarte stort meire.

 

Busskuret deira Kålabekken var god å ha.  Krampen har byrgja å melda seg.
Arne Reigstad var med på siste strekninga som drahjelp for Sigbjørn.

Neste høgdepunkt var maratonplasseringa.  Spørsmålet var om Sølbjørgskaret kunne forserast.  Vi stod klar og der dukka han opp, og då maratondistansen vart passert viste klokke 4.44,50
Ein stor prestasjon av Sigbjørn.  Det store spørsmålet no er kva neste påfunn vert.  Kjenner eg Sigbjørn rett starta grublinga allereie då ha stod/sat/låg i dusjen då han kom heim.
Mål: Etter 44,2 km stoppa klokka på 4.59,09

 

 

Ved passering Grønskaret var ansiktutrykket til Sigbjørn på full høgde med Frodo sitt då han passerte siste vannhinder på 3000 hinder under 24 timars kampen i haust.

Sigbjørn skuffa ikkje, han heldt på, og då han passerte 40 km hadde han sprunge 4.29,43.

 

Foto og tekst: OJ

I følgjebilen: Rikard og Martin.  Magnus frå Kvisti til Hatland.