Kollen-samling m/trening!

Lurer du på kva du skal trena søndag 31. desember?
Og om du skal orka å koma deg ut i alt det våte og mørke åleine?
Du treng ikkje lura denne dagen i alle fall.
Då vert det Holmenkoll-kick off-samling på Valestrand! Kle deg ut og spring

Valestrandsmarka Rundts nyttårs-/kostymeløp klokka 14.00!

Hiv så på deg noko tørt og kom inn på skulen kl. 15.00 og få noko varmt å drikka og noko næring i kroppen. Etter møtet vil du sannsynlegvis strutta av motivasjon som du kan ta med deg inn i det nye året, til vidare trening i månadane framover. Det er ikkje mange månader til de står på startstreken, og då vil de vera takknemlege for den treninga de la ned gjennom alle vintermånadene.

Seinare på kvelden kan du kroa deg i sofakroken og helsa det nye året velkome!

Kontaktpersonar stafettar:
Herrelag: Terje S. 97177980 / 55911589
Damelag: Eli S. 56393911 / 45617284

Meir info om HK-stafetten og andre stafettar under "Stafettar"-linken på menyen.

 

Aktivitetar

Årsmøte i Osterøy IL 17.mars kl. 18.00
Osterøy IL Stadionbygg / Klubbhus
17 Mar
HTB Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr