– Fabelaktig trenarkurs!

Osterøy Fotball har gjennom Kvalitetsklubb sertifiseringar forplikta seg til å ha utdanna trenarar til kvart kull i klubben. I samarbeid med Hordaland Fotballkrets vart det difor satt opp kurs i Fugledalen denne helga. Kurset gjekk over to dagar og inneheldt både ein teoretisk og praktisk bit. Med seg som markørar var Osterøy G2011/12 og G/J2013/14

Instruktør Kenneth Refvik frå HFK fekk gode skussmål frå deltakarane på kurset.

– Han var kjempeflink, fortel ein av kursdeltakarane. – Alle burde hatt dette kurset. Me fekk mange gode tips og eg har etter kurset fått ein heilt ny måte å tenke på når eg legg opp treningane. Me lærte å sette eit mål for kvar økt og finne øvelsar som passa med dette målet. Fabelaktig.

Osterøy Fotball er ein breiddeklubb som lit på dugnadsinnsats frå føresette med hensyn på trenargjerninga. I ein hektisk kvardag kan det vera vanskeleg å ofre ei helg til eit slikt kurs. Spesielt med tanke på all den tida som vert brukt på treningsfeltet i løpet på ettermiddagstid i kvardagen.

– Det sat litt langt inne, men det var definitivt verdt det. Kunne lett tatt ei helg til, var dommen etter endt kurs.

Jobben med å heve kompetansen til trenarane i klubben er ikkje over. Ved anledning vil det bli satt opp nye kurs.

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai