Klubbhandbok og Sportsplan
Klubbhandboka skal svara på dei viktigaste spørsmåla om fotballgruppa i Osterøy IL og gjera det enkelt å finna ut kva som gjeld internt i klubben. Den skal sikra kontinuitet i det som vert bestemt og gjort.
Klubbhandboka er laga av styret i fotballgruppa etter innspel frå utval, trenarar, utøvarar og foreldre. Handboka er eit arbeidsverktøy for alle medlemar, spelarar, foreldre, styret, utval, tilsette, trenarar og dommarar. Handboka skal nyttast til å forstå og kommunisera kva som er viktig i Osterøy IL, kva for klubb me er, kva me skal oppnå, kva me tilbyr, og korleis me gjer ting.
Handboka skal vera levande og skal oppdaterast fortløpande. Har du innspel til endringar, ta kontakt med styret i fotballgruppa eller send ei melding til post@osteroyil.no.
Tidligere er også sportsplanen gjort ferdig.
Link til sportsplanen kan du finne her: https://www.paperturn-view.com/?pid=MTE118097