Første kampoppleving for dei yngste

Det er ikkje mange veker sidan gjengen hadde si første fotballtrening, men etter fem gode økter under trenarteamet Ørjan Kallekleiv og Arne Johan Larsen var gutane og jentene klare for å aksla den gule osterøytrøya for aller første gong. Invitasjonen til turnering frå naboane i Valestrans/Hjellvik vart teken imot med opne armar og dei gulgrøne reiste til Furubakken med 10 spelarar fordelt på to sterke lag.

– Kjempegøy, fortel trenar Kallekleiv. – Ungane har vist fin framgang den korte tida me har halde på, og at dei har konkourranseinstinktet intakt er det inga tvil om. Det var stormande jubel og idrettsglede for kvart skåra mål og ditto frustrasjon ved baklengs. Kjekkast av alt var kanskje det å få ta på seg drakta for første gong. Akkurat som det skal vera, smiler Kallekleiv.

Osterøy Gul og Osterøy Grønn – som laga passande nok vart kalla – fekk bryna seg på Hausvik Glassmanet, VHFK Løve og VHFK Tiger. Det vart nokre sigrar, nokre tap og mange breide smil.

Me gleder oss alle til fortsetjinga! Stå på!

Klinisk avslutning «in the making»

Først på ballenmot Hausvik Glassmanet

Tette duellar mot Hausvik!

FYR HER! 

– Eg gir ikkje opp!