Minneord Leiv Mjelde

Minneord Leiv Mjelde

I Osterøy IL jubileumsbok frå 2018 side 123 kan ein lesa dette portrettet om den svært allsidige utøvaren:    

Leiv Mjelde er eit allsidig kondisjonsfenomen som saknar sidestykke i soga til idrettslaget. Han var lenge vår beste mann både i skisporet, i terrengløypa, på friidrettsbana og i skogen med kart og kompass.

Interessa for idrett kom naturleg for Leiv Mjelde. Faren tok han med på skirenn, og han vart tidleg vand med strabasiøse turar til fjells. Sju år gamal gjekk han første gong på heimelaga askeski frå Mjeldalen til Brøknipa.

I skisporet har han vore bestemann i eit utal renn her vest. Han har vunne mange kretsmeisterskap og Vestlandsmeisterskap og har delteke tre gonger i senior-NM. Han vart m.a. kretsmeister for senior på 30 km i 1958 og 1960, og på 15 km i 1965. I NM på Voss i 1964 deltok han individuelt på 15 km. I 1967 vart han nr. 18 på 15 km langrenn i B-NM. Same år vart han dobbelt vestlandsmeister på 15 km og 30 km i Øystese. Sine aller beste renn gjorde han kanskje i stafett. Då heva han seg alltid nokre hakk, med fleire KM-gull og to gull i Vestlandsmeisterskapet som resultat. I veteranklassane var han nære på uslåeleg, men som 47-åring gav han seg i skisporet.

Då starta han opp att med friidrett og medverka sterkt til at Osterøy IL i fleire år var mellom landets aller beste veteranklubbar. Leiv Mjelde kom med i friidrett som junior frå 1952. Han synte seg snart som ein dugande langdistanseløpar og var aktiv i mange år. Leiv var Osterøys første kretsrekordhaldar då han i 1954 sette kretsrekord for Hordaland på 5000 m for junior med 16.18.2. Tre tiår seinare vart han som 50-åring i 1984 norgesmeister for vete5000 m på norsk rekord 16.20.5.

Det var elles i terrenget Leiv likte seg best, og her har han mange sigrar. Han  har 5. plass i junior-NM og 8. plass i senior-NM terrengløp. Leiv Mjelde var også ein av kretsens beste orienteringsløparar og har delteke både i skøyteløp og skiskyting.

Han har elles vore leiar i orienteringsgruppa i seks år i tillegg til styreverv i andre grupper. LAGSREKORDAR FRIIDRETT: 1500 m 4.05.7 (1957) 3000 m 8.45.6 (1960) 5000 m 15.38.0 (1959) 10 000 m 33.03.8 (1959) 3000 m hinder 9.47.5 (1961) 4 x 1500 m 17.02.4 (1966) (med Geir Reigstad. Ingemar Valestrand og Øivind Aasheim)   

Sermoni i Haus kyrkje fredag 4. september. Gravferd i Mjeldalen

Me lyser fred over minnet til Leiv Mjelde.