16 stjerner på si første fotballtrening

Medan foreldre vart samla på tribunen for nærare informasjon om det å bli innlemma i Osterøy IL sin fotballfamiliie, samla J13-trenar Stein Erik Kollvangsnes dei håpefulle på sidelinja. Med seg hadde han G15 spelarane Tobias Fitje og Simen Bjørsvik.

– Er alle klare for å spele litt fotball?

BILETET: – Er det klare? J13-trenar Stein Erik Kollvangsnes ønska ungane velkommen til Osterøy Fotball.

Eit unisont ĢJAAA!ģ var responsen fra dei 16 frammøtte. Omlag halvt om halvt med gutar og jenter – og felles for dei fleste; sommarfuglar i magen.

Første utfordring var å transportere ball innanfor fire kjegler i ein firkant – utan å kræsje. Med unnatak av ein liten kollisjon løyste ungane oppgåva bra. Ikkje alle var like opptatt av å halde seg innanfor det avmerka området. Det stod jo eit mål like i nærleiken og då vaknar gjerne goalgetter instinktet hjå mange. Øvinga vart etterkvart utvida med å både stoppe og vende med ball.

Etter første drikkepause var det klart for å skyte litt på mål, samt ei kort speleøkt. Så ivrige var dei komande Osterøy-stjernene at det var 4 ballar i spel på ein gong! 

– Me treng berre ein ball no, forklarte Stein Erik

– E du gammal?

– Mjaaa, eg er litt gammal. Men no skal me spela fotball. Og hugs; når ballen går utanfor den kvite linja er det kast. Og brytekampar er ikkje lov.

BILETET: Føring av ball på avgrensa område. Viktig å vera tett på ballen!

Som avslutning var det stafett! Uten ball. 

– De må springa så fort de kan ut til den kjegla

– Ska du’kje visa?

– Jau, det kan eg. Ut til kjegla,  snu
og så full fart tilbake. Då kan neste starta. Er de klare? Ferdig
gå!

Det var berre smil og latter å sjå då ungane sprang det dei var gode til medan dei fulgte nøye med på korleis dei låg an i forhold til parløparen. Kven som vann er det ingen som veit. Og ingen brydde seg heller. Første trening var unnagjort og det er berre å gleda seg til neste trening. Og den neste etter det. Og etter det
. Det gjer i alle fall Fotballgruppa.

BILETET: Speleøkta er det kjekkaste! Alle på ballen!

BILETET: Stafett er gøy! Korleis går det med konkurrenten?