Forteljarkveld

Det vert historiar frå den gong Brubakkane var hovudarena og lagsnamnet framleis var Skarphedin, og fram til nyare tid slik me kjenner Osterøy IL i dag. Forteljarar er Ingemar Valestrand, Ingunn Rongved, Jørgen Varden, Magne Skistad, Jan Arve Johannessen og Bernt Johan Flæsland. Arrangementet er ope for alle. Gratis inngang. Osterøy Museum har kafé.
PS! Me oppmodar alle som har bilete, avisutklipp og anna liggjande om å ta dette med seg.