Osterøy – VHFK direktesendt på TV2

Hærføraren: Kaptein Anders Hatland leiar laurdag 20. juni sine Osterøy-troppar mot VHFK  – i direktesendt kamp på TV2.

– I fjor laga gjorde me ein grasrotkamp; opprykskampen mellom Toten og Kolbu. I år vil me laga fleire og lokaloppgjeret mellom Osterøy og VHFK vert den første, fortel sjef for fotballredaksjonen i TV2 Eystein Thue til osteroyil.no. – Til desse kampane er me på jakt etter noko meir enn vanlege fotballkampar.

Og meir enn ein vanleg fotballkamp skal det verta. Eiga arbeidsgruppe er satt ned for å gjere naudsynte førebuingar for at det skal verta ein festaften på Hatland. Kampen skal spelast på graset og har avspark klokka 16.

Osterøy har fått ein pangstart på sesongen og ligg på andre plass på tabellen, medan gjestane frå Valestrand har fått det noko tøffare enn forventa. Ingenting av dette betyr noko når laga møtest til dyst på det grøne naturgraset på Osterøy Stadion. Dei siste oppgjera i seriesamangang har enda med VHFK siger, seinast i 2013 då VHFK rykka ned i 5. divisjon. Spelarane i begge leiarar har få problem med å motivera seg til dette oppgjeret, og det laget som klarar å få rett tenning – og omsetje dette til spel og innsats – vil ta med seg poenga.

-Det som no er viktig, seier formann i Osterøy fotball Arnbjørn Vevle, er at ALLE som kan krypa og gå på heile Osterøy tek turen til Hatland laurdag den 20. juni og er med å bidreg til at det vert fest. Sett kampen på opptak heime – og møt opp på Stadion! Uansett vęr!