Kalassiger i haustpremieren

I den første omgangen var det lite som varma dei litt over 100 betalande tilskodarane på Hatland. Omgangen var relativt jamn, men det var Osterøy som hadde dei farlegaste sjangsane.

Det herskar ingen tvil om at trenarduoen må ha sagt nokre velvalde ord i pausen, for det var eit heilt anna Osterøy-lag som kom på bana i 2. omgang. Etter 10 minutt kjem Øyvind Øvsthus i gjennom frå sin høgre kantposisjon og gjer ingen feil åleine med keeper; 1-0 til heimelaget! Og no skjedde ting fort. Berre fire minutt seinare kjem Bjarte Vik Larsen igjennom og tuppar ballen forbi keeper til 2-0 leiing. I løpet av dei fem neste minuttane skårar Osterøy to nye mål. Først ved Øyvind Øvsthus, etter framifrå kombinasjonar med Bjarte Vik Larsen og Torbjørn Hovden. Deretter skårar også Bjarte Vik Larsen sitt andre for dagen. Dermed står det 4-0 til heimelaget, lufta går ut av Nordre Fjell og kampen er punktert.

Det neste kvarteret vert ein rotete periode for heimelaget sin del, og Nordre Fjell får servert ei redusering på sølvfat. Dette vekker dei gul/grøne og dei siste ti minuttane av kampen kviknar litt til att. Eit resignert Nordre Fjell ser at Thomas Strøm Langeland skårar to før Ørjan «Stjerno» Bysheim set eit vakkert punktum med eit flott skudd ifrå distanse. 7-1 til Osterøy vart ōg sluttresultatet.

– Eg var sikker på siger, seier Frode Vevle etter kampen. – Sjølv om me ikkje var fryktelig gode i første omgang, gjekk eg til pause med ei fornemming om at me kom til å vinne 5-0, smiler han.

På eit godt Osterøylag vart prisen som «Dagens Ostring» delt mellom Bjarte Vik Larsen og Øyvind Øvsthus.

Etter denne overtydande sigeren avanserer Osterøy til 4.plass på tabellen med 19 poeng. Neste kamp for a-laget er onsdag 21.08, mot Os 2 på Kuventre!
 
1-0: Øyvind Øvsthus – 55.min
2-0: Bjarte Vik Larsen –  59.min
3-0: Øyvind Øvsthus – 63.min
4-0: Bjarte Vik Larsen – 66.min
4-1: 75.min
5-1: Thomas Strøm Langeland – 80.min
6-1: Thomas Strøm Langeland – 84.min
7-1: Ørjan Bysheim – 86.min
 
Osterøy sitt lag: Mathias Riple (Erlend Lone i 10.min), Anders Hatland, Eirik Øvsthus, Kim Solberg, Joachim B. Solberg, Martin H. Hanstvedt (Stian Aasheim i 20.min), Jørgen Vevle, Øyvind Øvsthus (Ørjan Bysheim i 20.min), Bjarte Vik Larsen (Kristian Tysse i 10.min) Torbjørn Hovden, Thomas Strøm Langeland.