Vik Larsen attende når Osterøy tek i mot Nordre Fjell

Etter vårsesongen ligg Osterøy på 6.plass med 16 poeng, medan Nordre Fjell ligg på 4.plass med 18 poeng. Osterøy passerer dermed Nordre/Fjell på tabellen om det skulle verta siger på laurdag. I seriepremieren i april endre det med 3-1 tap for Osterøy. Alt ligg dermed til rette for revansje på det flotte graset på Hatland.
 
Mannskapsmessig ser det bra ut for Osterøy. Øyvind Øvsthus, Martin Hole Hanstvedt og Bjarte Vik Larsen er alle klare etter lengre periode med skadar. I tillegg er Eirik Øvsthus tilgjengeleg i dei seks fyrste heimekampane. På minussida har me Robert Dyvik som har reist i militæret. Han kjem likevel til å bli henta heim så ofte som mogeleg. Ellers har Andreas Kollvangsnes bestemt seg for å legga skoa på hylla, iallfall inntil vidare. Andreas har vore ein ressursperson i a-lagsgruppa i mange år, så me takkar så mykje for hans bidrag dei siste 8-9 sesongane.
 
A-laget har hatt rekordlang sumarpause i år. Det er nesten to månader sidan sist kamp. Det er difor ein spent trenarduo som ser fram mot laurdagens kamp. Trenar Frode Vevle fortel om ei veldig god siste treningsøkt før kampen. Han er optimistisk, og trur at laget kjem til å gjera ein god haustsesong visst mannskapet heldt seg nokonlunde skadefritt. Det vert også spanande og sjå korleis laget presterer no når dei er tilbake på graset. Me vonar iallfall bygda går mann av huset for å støtta laget på laurdag.
 
Kampstart på laurdag er kl. 15.00.

Trenarduoen har tatt ut følgjande elleve ifrå start: Mathias Riple, Anders Hatland, Eirik Øvsthus, Kim Solberg, Joachim B. Solberg, Jørgen Vevle, Martin H. Hanstvedt, Øyvind Øvsthus, Bjarte Vik Larsen, Torbjørn Hovden, Thomas Strøm Langeland.

Møt opp!! Kiosken er sjølvsagt også open!