Real ketsjuppeffekt for Osterøy-damene

Beskjeden frå trenarteamet Larsen/Torgersen var kort før kampstart: Ut å spel ball med hjarta! Beskjeden når heim hjå damene, for Osterøy trykker til frå start og er aggresive frå første spark på ballen. Spelet vert flytta over på heimelaget sin banehalvleik – og vert verande der stort sett heile omgangen. Spissduoen til Osterøy, Malin Teigland og Aina Vassdal, herjar innleiingsvis med vertane si forsvarsrekke utan teljande resultat.

I denne perioden av kampen vert det mange offsideavblåsingar som Osterøy-benken ikkje alltid er einig i. Beskjeden frå Larsen er klar; Fortsett. Kjør på. Brått er me gjennom utan at dommarem bles!

Osterøy står høgt med forsvaret og plukkar det meste som kjem deira veg. Dei gul/grøne spelar ball medan Tertnes spring etter. Sjangsar vert produsert på løpande band, men det vil seg liksom ikkje. Ikkje før midtbanemotot Line Loftås Kåstad, etter å ha fått mykje juling, bestemmer seg for at nok er nok. Ho snappar opp ballen på midten, dreg seg forbi to motspelarar og parkerer vertane sitt forsvar med farten sin. Ballen vert så ekspedert i mål til 1-0 noko som ōg vert pauseresultatet.

Malin Teigland skåra fem då Tertnes vart sett til veggs søndag. Her i kamp mot Hordabø.

Andre omgang vert noko annleis. Spelemessig lik første omgang, men no set Osterøy sjangsane sine. Etter berre to minuttar er toppskårar Malin Teigland på farten og doblar leiinga. Og no opplever ein verkeleg ketsjuppeffekten på Åstveit. Trine N. Teigland hamrar inn eit frispark frå vel 25 meter ti miuttar ut i omgangen til 3-0. Malin er på farten att like etter og skårar sitt andre og Osterøy sitt fjerde for dagen.

Tertnes set no keeperen sin opp som spiss og spissen sin i mål. Eit taktisk grep ein ikkje ser kvar dag. Osterøy tar foten litt av gassen og Tertnes kjem meir inn i det utan at dei skaper for mykje før dommaren bles straffe til heimelaget etter klabb og babb i Osterøy sin 16 meter. Straffen vert ekspedert i mål til redusering 1-4. Tertnes augnar moglegheiten, flyttar opp laget i bana. Dette opnar opp for store bakrom, noko som passar farten til Toppskårar-Teigland. I løpet av kort tid spring ho gjennom forsvaret til vertane og puttar tre (!) gonger.

Spissmakker Aina Vassdal har jobba på heile kampen utan utteljing og er etterkvart sugen på ein skåring. Ho får til slutt løn for strevet på ein retur, og fastset sluttresultatet til heile 8-1. Dansande Osterøy-damer feirar kalassigeren i kveldssola over Åstveit og trenarduoen sine øyrer er det einaste som står i vegen for at ikkje smila deira skal gå heilt rundt. – På tide me vakna av vinterdvalen, seier lagleiar Siri Beate Nordpoll Hella etter kampen. – Slik var det i fjor ōg. Me byrjar ikkje bli gode før hausten nærmar seg. No gleder me oss til siste kamp før ferien. Då kjem tabelljumbo Frøya. Vonleg fortset me kjøret då – og vidare utover hausten, sluttar Hella.

Aktivitetar

03 mar
05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar