Vann på ein dårleg dag

Første omgang byrja med ein stillingskrig. Ingen av laga klarte å karre til seg eit overtak, og det var lite konstruktivt spel. Etter kvarteret anar publikum at Osterøy tar over spelemessig, etter at heimelaget etablerer spelet inne på gjestande sin banehalvleik. Dette varer diverre berre i nokre få minutt. Frå halvspelt og ut første halvleik handlar det meste nemleg om NBK. Gjestane flyttar spelet opp, og utfordrar Osterøy si bakre rekke på fart etter nokre lange oppspel. Dei raudkledde er ōg farlege på dødballar, og er nære på ved eit par anledningar. 

Etter 38. minutt er det duka for skåring – i feil ende. Gjestane får eit frispar frå 20-25 meter, og «først-i-alt» Chris Fosse plasserer ballen direkte i mål. Leiinga helt seg til pause, og Osterøy er heldige som ikkje ligg under meir.

Andre omgang ser ut til å byrje betre for Osterøy, og publikum byrjar å bli optimistar på heimelaget sine vegner att. Pulsen er ikkje før komt i status:kvil, før NBK er frampå igjen. Denne gong er ein av gjestane sine angriparar gjennom åleine med keeper Riple. Ballen blir chippa forbi den utrusande sisteskansen, som heldigvis har signert ein assistandeavtale med bortre stolpe. Returen sprett rett forbi ein framoverstormande angripar og Osterøy slepp med skrekken. Her kunne kampen vore over.

Etter 10 minuttar av andre omgang vartar Osterøy opp med det som kan vera årets angrep så langt. Hovden fangar opp ein ball 10 meter inn på gjestane sin banehalvdel, ute på vensre kant. Han kombinerer med Joachim Borge Solberg og løpsviljuge Stian Aasheim. Aasheim fossar nedover langs flanken, får eit perfekt gjennomspel og tek ballen med seg heilt til dødlinja. Der slår han eit perfekt innlegg på bakerste stolpe, der Ørjan Bysheim står og ventar. «Stjedno» (som alltid har vore ein habil hovudspelar) stongar inn utlikninga. Vakkert.

Etter dette er Osterøy det beste laget på eige gras. Torbjørn Hovden driblar og driblar og sender avgarde nokre lure skot, men lukkast ikkje å utmanøvrere gjestane si sisteskanse. Ikkje før etter 75. minuttar. Då har heimelaget hjørnespark. Hovden møter «i mølja» på første stolpe og sender heimelaget i leiing til jubel frå heimepublikumet. 

Stillinga heldt seg til 89. minutt. NBK pressar på for å få ei utlikning og står langt inne på Osterøy sin banehalvdel med sine to bakerste mann. Sander Midtun Solberg gjer manns jobb i forsvar og sender etterkvart ballen over NBK forsvaret. Der står Thomas Strøm Langeland og ventar. Han har no ei heil halv (!) bane å springa på. Og gjer det. Stopparane til NBK har ikkje sjangs å nå han att. Strøm Langeland set ballen sikkert forbi utrusande keeper til det ALLE meinte måtte bli sluttresultat 3-1. NBK klarer imidlertid å skåre berre minuttet etterpå slik at stillinga til slutt vert 3-2 til heimelaget.

Ein publikumsjury kårar Torbjørn Hovden til «Dagens Ostring».

Osterøy – NBK 3-2 (0-1)

0-1: 38. min – Chris Fosse

1-1: 55. min – Ørjan Bysheim

2-1: 75. min – Torbjørn Hovden

3-1: 89. min – Thomas Strøm Langeland

3-2: 90. min