Tapte på overtid i Fyllingsdalen

– Me tapte klart mot dette laget i fjor, så me var litt smånervøse før avspark, fortel trenar Arne Johan Larsen. – Me vart uansett einige om at dei skulle få kamp om poenga, og det synes eg me gav dei i dag. Eg er nøgd med prestasjonane til jentene.

Osterøy spelte ein god første omgang. – Spelet sat bra, og me fekk endeleg ut mykje av det me viser på trening. Det var rett og slett gøy, fortel Larsen. Det gode spelet resulterer også i Osterøy-leiing etter ca 30 minutt. Malin Teigland noterer seg for nok ein skåring denne sesongen. Gleda varar ikkje lenger enn 12-13 minutt. Då er det duka for utlikning, og laga er like langt. 1-1 heldt seg til pause.

I andre omgang gjer skadar sitt til at det må gjerast ein del rokkeringar. Dette gjer at Fyllingsdalen tek over initiativet i kampen litt, men Osterøy er med å knivar om alle tre poenga. Litt småampert då Trine Teigland pådreg seg gult kort etter det dommaren meinte var for røff behandling av ein Fyllingsdalen angripar. – Ho snubla over beina mine. Har aldri vore gult kort, kommenterer Teigland etter kampen.

I det 77. minutt får Fyllingsdalen løn for strevet, og går opp til 2-1. Berre tre minutt seinare utliknar Kristine Bernes til 2-2. – Sneik meg kanskje til det målet, vedgår Bernes. – Ballen var på veg over streken, men eg tok ingen sjangsar og tuppa den inn, smiler ho. Det hjalp uansett ikkje; Fyllingsdalen avgjer kampen på overtid.

– Litt bittert at to poeng ryk slik. Spesielt når dommaren er borte etter kampen og beklagar at han «gløymde tida». Men me tek dei heime! I dag manglar me Siri Beate, Line og Mariell. Hadde dei vore med i dag, hadde fått med oss alle poenga. Uansett; godt nøgd med kampen, sluttar Larsen.