Toppoppgjer i 4 divisjon

Odda er ein av førehandsfavorittane i denne pulja. Dei har starta sesongen med sigrar over Frøya og NBK, og ein uavgjort mot Loddefjord. Dei har demed 7 poeng etter tre kampar. Det same som Osterøy har etter fire kampar. Det er difor ein solid test som ventar for dei gul/grøne imorgon.

Osterøy har som mål å koma inn att på vinnarsporet etter uavgjort mot Sandviken førre veke. Til denne kampen manglar framleis Bjarte Vik Larsen og Frode Stokke grunna skadar. Eirik Øvsthus er ikkje tilgjengeleg, det er heller ikkje Jørgen Vevle og Robert Dyvik vekkreist. På plussida kan nemnast at Joachim Borge Solberg og Ørjan Bysheim er klare for spel igjen etter skadeopphald. Det ligg difor an til ein del endringar lagoppstillinga. Kjenner me trenarduoen rett, har dei nok ein god plan for korleis dei løyser dette.

Me vonar at publikum strøymer til Fugledalen imorgon for å støtta laget. Kampstart er kl. 15.15. MERK TIDA!

NB! Me minner også om at damelaget spelar kamp i Fugledalen kl.13.00. Så det er mogeleg å få med seg mykje fotball i Fugledalen imorgon.