Tapte mot eit betre lag

– Drittkamp! Me var fryktelig dårlege, er trenar Arne Johan Larsen er korte kommentar etter kampen. – Me taper alle duellar og står og observerer alle 50/50 ballane. I staden for å kasta oss inn i duellane, står me og ser på kva som vert motspelar sitt trekk før me reagerer. Då gjer me det vanskeleg for oss sjølv.

Stord var komfortable med ballen i beina og trilla ball i laget, medan Osterøy halsa etter allereie frå dommaren bles i gong kampen. Første omgang kontrollerte dei fullstendig og putta fire gonger. To mål kom etter dødball. Eit frispark frå 18 meter vart sett i mål, medan ein cornervariant frå treningsfeltet gav teljande resultat mot slutten av omgongen. Keeper hadde handa på frisparket og var uheldig som ikkje avverga.  Cornerenvarianten til gjestane skapte kaos i feltet og Stordkapteinen fekk stå heilt åleine å stange inn målet.

Kaia Herfindal Hammersland la bak seg mange meter under kampen mot Stord, laurdag. 

Andre omgong var ikkje ulik den første. Stord trilla ball. Osterøy sprang mellom. Dei gongene ein klarte å bryta pasningane til gjestane, hadde ein det alt for travelt med å spele ballen vekk att. Ballen vart spelt blindt på løp som ikkje kom, i stadenfor å prøve å halde ballen i laget og spele gjennom når løpa er i gong. Dermed måtte ein plukka fire ballar ut av eige nett i denne omgongen ōg.

– Me har å jobbe med, seier Larsen. – Virkar som det går litt på sjølvtilliten laus i dag. Me får meir ut på treningsfeltet enn det me viser fram for heimepublikumet i dag. Når det er sagt hadde me nok ikkje slått dette Stordlaget om me hadde hatt dagen heller. Dei var gode, sluttar Larsen.

Neste moglegheit for poengfangst fro damelaget er om ei veke. Då går turen til Austrheim.